Sentrale omgrep

Sentrale omgrep

Forklaring av sentrale omgrep rundt personvern.

Ei personopplysing er ei opplysing eller vurdering som kan knytast til deg som enkeltperson, slik som for eksempel namn, adresse, fødselsdato, personnummer, telefonnummer, e-postadresse, IP-adresse, bilnummer, bilete, fingeravtrykk. Opplysingar om åtferdsmønster er også rekna som personopplysingar. Opplysingar om kva du handlar, kva butikkar du går i, kva tv-seriar du ser på, kvar du beveger deg i løpet av ein dag og kva du søker etter på nettet er alt samen personopplysingar.  Opplysingar samla inn ved kameraovervåking og adgangskontroll ved t.d. nøkkelkort er og personopplysingar.

Sensitive personopplysingar er til dømes opplysingar om rasemessig- eller etnisk bakgrunn, eller politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, at ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling, helseforhold, seksuelle forhold eller medlemskap i fagforeiningar.

Den behandlingsansvarlege er ein fysisk eller juridisk person, myndigheit, organisasjon mm som bestemmer formålet med behandlingen. Søre Sunnmøre IKT er behandlingsansvarleg for dei opplysingane som vert behandla av organisasjonen.

Den registrerte er ein fysisk person som personopplysingane kan knyttast til.

Behandling av personopplysingar er alt ein gjer med personopplysingane som t.d. innsamling, registrering, organisering, strukturering, lagring/arkivering, tilpassing eller endring, gjenfinning, konsultering, bruk, utlevering ved overføring, spreiing eller alle andre former for tilgjengeleggjering, samanstilling eller samkjøring, avgrensing, sletting eller destruksjon.

Dersom du har spørsmål ta kontakt oss på e-post: personvern@ssikt.no