Eit personvernombod skal gi råd om korleis den behandlingsansvarlege på best mogleg måte kan ivareta personverninteressene. Søre Sunnmøre IKT pliktar å ha eit personvernombod sidan organisasjonen er eit interkommunalt selskap (offentleg verksemd).
Personvernombodet skal:
- På rett måte og til rett tid involverast av behandlingsansvarleg i alle spørsmål som gjeld personvern.
- Rapportere til høgste leiarnivå.
- Ha nødvendige ressursar til råde, ha tilgang til personopplysningar og behandlingsaktivitetar.
- Moglegheiter for å oppretthalde djupnekunnskap.
- Overhalde teieplikta.
Personvernombod skal ikkje:
- Ta i mot instruksjon i utføringa av oppgåvene.
- Straffast eller verte sagt opp som fylgje av utføring av rolla som personvernombod.
Ansvar og oppgåver:
- Vere kontaktperson for innbyggerane i alle typar personvernspørsmål.
- Gje råd og rettleiing til behandlingsansvarleg og tilsette om personvern.
- Gje råd om vurderingar av personvernkonsekvensar og kontrollere gjennomføring av denne.
- Kontrollere at retningsliner og rutinar innan personvernområdet vert fylgd opp internt og vert haldne.
- Kontrollere det haldningsskapande arbeidet og revisjon.
- Samarbeide med Datatilsynet og fungere som kontaktperson for tilsynsmynde.
Personvernombod i Søre Sunnmøre IKT:
Kathrine Husø Johansen
e-post: personvern@ssikt.no