Tofaktor for heimekontor og Microsoft 365 eksternt
Rettleiinga syner korleis du set opp SecurEnvoy (tofaktorpålogging) på mobilen din. Du må ha tilgong til e-posten din på ein PC/tynnklient knytt til kommunalt nettverk før du startar. Ein føresetnad for å gå vidare med denne rettleiinga er at du har fått ein epost frå Securenvoy med informasjon om at brukarkontoen din er klargjort og godkjent. Om du ikkje har det kan du bestille tilgang til tofaktor ved å sende ein e-post om det til support@ssikt.no.
Når du får tilgang til tofaktorpålogging vil du få ein e-post med ei kode du treng for å registrere deg.
Laste ned og installere SecurEnvoy Authenticator
På mobilen: Opne Google Play eller Apple App Store for å laste ned SecurEnvoy appen.
NB! Appen heiter Authenticator etter at du har installert appen på mobilen.
Konfigurere SecureEnvoy på mobilen din
På mobilen: Start appen Authenticator og trykk på +teiknet nede til høgre.
På mobilen: Velg Scan QR Code
På PC-en: Opne lenka i e-posten og logg på med passordet ditt (og brukarkonto dersom dette ikkje er fylt ut). Det er same passord som du logger på pc/tynnklient med.
På PC-en: Skriv inn PIN-koda – eingongskoda som som står i e-posten.
På mobilen: Skann inn QR koda på PC-skjermen med mobilen. Husk at du må ha opna appen, trykt på + teiknet nede til høgre og valgt Scan QR code.
På PC-en: Trykk på [Continue]
På mobilen:
Du vil sjå at kontoen din (brukarnamn@ssikt.no) kjem opp i hovudskjermbildet i SecurEnvoy-appen med ei seks-sifra kode under. Koda endrar seg kvart 30. Sekund.