Søre Sunnmøre IKT legg til rette for sikre og effektive digitale tenester for 12 500 tilsette og grunnskuleelevar i eigarkommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta.

Brukarstøtte

SSIKT brukarstøtte gir hjelp i feilsituasjonar og naudsynt støtte for å utnytte dataløysingane. 
Brukarstøtte kan nåast på telefon kvardagar frå kl. 08.00-16.00. 
Brukarstøtteportal og e-post kan nyttast til å melde inn saker heile døgnet.

Infrastruktur 

Alle infrastrukturtenestene til SSIKT er bygd opp redundante for å kunne levere tenester med oppetid sjølv om det blir utfall i delar av infrastrukturen og for å ha moglegheit til å drive med naudsynt oppgradering og endring utan at tenestene går ned for brukarane. 

 

PC

Applikasjonsdrift 

SSIKT har eit hybrid oppsett for applikasjonsdrift med eige datasenter med lokale applikasjonar og mange skyapplikasjonar. 
Dei aller fleste tenestene er leverte frå ei virtualisert plattform.  

 

I datasenteret driftar vi applikasjonar som til dømes:

⇒ Elektronisk pasientjournal for helse- og omsorgssektoren

⇒ Sak og arkiv

⇒ Tekniske tenester

 

Sikkerheit

Nettverket vert overvaka døgnet rundt, både med tanke på oppetid og feilretting, i tillegg til å verne mot uønskte hendingar eller tryggleiksbrot. All trafikk til og frå vårt nettverk passerar våre Checkpoint brannmurklynger i datasenteret på Hareid, som inspiserer trafikken og vernar våre brukarar og tenester mot åtak med den beste teknologien som er tilgjengeleg i marknaden i dag.

 

Tenesteutvikling og prosjekt

SSIKT bidreg aktivt til digital utvikling for dei ulike tenestene som kommunane tilbyr til sine innbyggarar. 
Vi innfører nye funksjonalitetar og legg til rette for lik bruk av system og like rutinar. Vi er med på å utarbeide prosedyrar, brukar- og systemdokumentasjon. 

SSIKT har ansvar for innkjøp av nye felles system og funksjonalitet. SSIKT har også det vidare ansvaret for leverandøroppfølging med avtalar, leveransar og kontraktsoppfølging.

I interkommunale fellesprosjekt for IKT og digitalisering har SSIKT prosjektleiarar som har erfaring frå komplekse IKT-prosjekt. Prosjektleiarane har også ei rådgjevande rolle mot ulike fagområder i kommunane.