Kommunepsykologen tilbyr ei avgrensa utgreiing og samtale/behandlingstilbod for lettare psykiske vanskar eller lidingar som angst, depresjon m.m.
Kommunepsykologen kan bistå ved vurdering av behov for å tilvise vidare til spesialisthelsetenesta ved meir alvorlege eller samansette psykiske lidingar.
Kommunepsykologen kan tilby eit avgrensa samtale- eller rettleiingstilbod til foreldre/føresette, samt rettleiing av andre fagpersonar eller faginstansar som arbeidar med barn og unge innanfor målgruppa. Kommunepsykologen er også involvert i førebyggjande arbeid og systemarbeid innanfor psykisk helse i kommunen.
Brukarar, foreldre, lærarar eller tilsette i andre samarbeidande instansar kan ta kontakt gjennom helsestasjonen og/eller tilvise til kommunepsykologen, jfr. tilvisningsskjema (DOC, 37 kB).