Andre vaksiner

Andre vaksiner

I tillegg til barnevaksinasjonsprogrammet og reisevaksiner finst det ei rekkje andre vaksiner som vert tilbode. Til dømes influensavaksine, vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse, vaksine mot koronavirus (covid-19 og pneumokokkvaksine mot lungebetennelse.

Desse vaksinane må du i dei fleste tilfella betale for, med unnatak av vaksinen mot koronavirus.

Desse vaksinane inngår ikkje i det ordinære barnevaksinasjonsprogrammet, og det er variasjonar mellom kommunane i kva tilbod helsestasjonen gir.

Vaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år, avhengig av kva type virus som forventast å ramme hardast, og er normalt tilgjengeleg på hausten. Følg med i lokale media for annonsering av influensavaksine, eller ta kontakt med helsestasjonen i din kommune eller din fastlege.

I enkelte yrker kan det også vere aktuelt med yrkesvaksinasjon på grunn av smittefare i samband med jobb. Dette skal dekkast av din arbeidsgivar.

For andre vaksiner, ta kontakt med din fastlege for meir informasjon eller for å bestille time.

 

Kva vaksiner bør eg få påfyll av i vaksen alder, og kvar får eg dei?

Ikkje alle vaksinane du får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, gir beskyttelse livet ut. Påfyll av enkelte vaksiner i vaksen alder anbefalast difor for å oppretthalde beskyttelse mot sjukdomane.

Det anbefalast at vaksne tar vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio omtrent kvart tiande år. Alle vaksinane kan gis samla i ei sprøyte. Anbefalinga gjeld for alle vaksne, ikkje berre dei som har tenkt seg på utanlandsreise.

Det kan også vere aktuelt med påfyll av vaksine mot meslingar dersom du er fødd før 1970 og ikkje har hatt sjukdomen. Folkehelseinstituttet har meir informasjon om oppfriskingsvaksiner for vaksne.

Dersom du treng ei oppfriskingsvaksine, ta kontakt med din fastlege eller ein privat vaksinasjonsklinikk for å bestille time.

Når og kvar får eg vaksinen mot koronavirus?

Vaksinasjon mot koronavirus er gratis for alle som er anbefalt ein slik vaksine. Vaksinen er, som alle andre vaksiner i Noreg, frivillig å ta. Du kan lese meir om koronavaksinasjonsprogrammet hjå Folkehelseinstituttet.

Det er kommunane som har ansvar for å gi vaksinen etterkvart som den vert tilgjengeleg. Vaksinasjon skjer i regi av helsestasjonen for alle kommunane unnateken Sande og Vanylven. Her er det legesenteret som vaksinerer. For oppdatert informasjon, sjå heimesidene til din kommune:

Kven bør ta influensavaksine?

Influensavaksine anbefalast spesielt for: 

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Prematurt fødte barn, særlig barn født før uke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg overvekt (KMI over 40)
    • annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.

Når og kvar kan eg få influensavaksine?

Vaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år og vert normalt tilgjengeleg på hausten. Nøyaktig tidspunkt varierer. For oppdatert informasjon og annonsering av vaksinering, følg med i lokale media, på Folkehelseinstituttet sine nettsider eller sjå heimesidene til din kommune:

Influensavaksine kan du få hos din fastlege, på annonserte vaksinasjonsdagar i regi av helsestasjonen eller på enkelte apotek. Vaksinering hos fastlege krev normalt timebestilling, kontakt ditt legekontor for nærmare informasjon og timeavtale.

Kven bør ta pneumokokkvaksine mot lungebetennelse?

Alle over 65 år, eller dei som har ein sjukdom eller tilstand som gjer at dei har høgare risiko for å få alvorleg pneumokokksjukdom, er tilrådd å ta pneumokokkvaksine.

Denne vaksinen får du med din fastlege, og bør takast kvart 5. år. Du finn meir informasjon om pneumokokkvaksine hjå Folkehelseinstituttet.

Kven bør vaksinerast mot smittsam hjernehinnebetennelse?

Ungdom i alderen 16-19 år er ei av dei aldersgruppene som har høgst førekomst av hjernehinnebetennelse. Ein kombinasjon av tett samvær med andre ungdomar over fleire dagar, festing, høgt alkoholinntak, deling av flasker og sigarettar, aktiv eller passiv røyking og lite søvn kan auke risikoen for smitte, og for at sjukdomen blir alvorleg. Dette gjeld både russ og andre ungdomar som festar mykje.

Det er anbefalt at vaksinasjonen utførast i god tid før russefeiringa startar. Beskyttelsen varer i fleire år. Vaksinasjon i byrjinga av vidaregåande skule vil gi beskyttelse i russetida og ved reiser seinare i ungdomstida. Etter vaksinasjon tek det omtrent to veker før vaksinen gir beskyttelse.

Kven bør ta HPV-vaksine og kvar får eg den?

HPV-vaksine beskyttar mot tre typar humant papillomavirus, som er årsak til 70 prosent av alle tilfelle av livmorhalskreft. HPV-vaksinen verker førebyggande, og har best effekt når den blir gitt før seksuell debut. Vaksinen beskyttar mot HPV hos dei som ikkje er smitta med desse virustypane frå før. Hos dei fleste som blir smitta med HPV går infeksjonen over av seg sjølv. HPV-vaksine kan også beskytte mot ein reinfeksjon, og ein kan difor ha nytte av vaksinen sjølv om ein har hatt fleire seksualpartnarar.

Sidan 2009 har HPV-vaksine vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, der jenter har fått tilbod om vaksina på 7. trinn. Frå hausten 2018 fekk også gutar tilbod om denne vaksina, på lik linje med jenter. Vaksinen blir gitt i to dosar, med 6 månaders mellomrom.

Dersom som du ikkje har fått tilbod om HPV-vaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, og ynskjer å starte vaksinering no, må du ta kontakt med din fastlege. Denne vaksina må du betale for.

Du finn meir informasjon om HPV-vaksine hos Folkehelseinstituttet.

Kven bør ta vaksine mot mpox (apekopper) og kvar får eg den?

Dersom du tilhøyrer ei av følgjande grupper kan du få vaksine mot mpox (apekopper):

  • Menn som har sex med menn og transpersonar med risikoåtferd.
  • Helsepersonell som er særleg utsett for smitte gjennom sitt arbeid, som til dømes personell på teststasjonar eller som jobbar direkte med pasientar med apekopper (mpox) innlagt sjukehus.
  • Laboratoriepersonell som arbeider med levande apekoppevirus (nøytralisasjonstest, cellekultur m.v.).

Risikoåtferd inneber hyppig partnerbytte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex. Du finn meir informasjon om vaksine mot mpox (apekopper) hjå Folkehelseinstituttet.

Kontakt vaksinasjonskontoret i Molde for timebestilling. Du må bestille time på førehand.

Timebestilling
Telefon: 71 11 23 00, måndag–fredag 08.00–15.00
E-post: reisevaksinasjon@molde.kommune.no

Konsultasjonen kostar 280 kroner. Sjølve vaksinen mot mpox er gratis.

Les meir på nettsidene til Molde kommune.

Kan ein vaksinere seg mot allergi?

Ja. Allergivaksine kan redusere eller kurere ein allergisk sjukdom. Dette er eit behandlingsalternativ ved langvarig og alvorleg allergi der ein ikkje har tilfredsstillande nytte av vanlig medikamentell behandling som tablettar, nasespray og augedråpar. Allergivaksinering kan benyttast ved fleire former for pollenallergi, som bjørk og gras.

Allergivaksinering er eit langvarig behandlingsforløp som går over fleire år, og vert i dei fleste tilfelle gitt på sjukehus. Ta kontakt med din fastlege dersom du meiner dette er noko du kan ha nytte av.

Har eg behov for eller rett til yrkesvaksinasjon?

Tilsette som er utsett for smitte på grunn av sitt yrke, bør få tilbod om å vaksinere seg dersom det er nødvendig. Personer med same yrke eller same arbeidsgivar treng ikkje alltid dei same vaksinane. Eksempel på aktuelle yrker er rørleggarar, helsepersonell og skogsarbeiderar.

Det er arbeidsgivar som er ansvarleg for å vurdere om det er fare for smitte på arbeidsplassen, og som betaler for vaksinasjon dersom den tilsette må vaksinerast.

Folkehelseinstituttet har oversikt over kva vaksiner som er tilgjengelege, og kan gi råd om yrkesvaksinering. Les meir om yrkesvaksinasjon hos Folkehelseinstituttet eller snakk med din arbeidsgivar om behov for yrkesvaksinasjon.

Kva vaksiner har eg eller mine barn fått?

Alle vaksiner som vert gitt i Noreg skal registrerast i det nasjonale vaksinasjonsregisteret, SYSVAK. På Helsenorge.no - Mine Vaksiner kan du logge deg på for å sjå status på dine eigne vaksiner, samt vaksiner gitt til dine barn som er under 16 år. Her finn du:

  • All vaksiner gitt gjennom barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1995
  • Reisevaksiner og andre vaksiner, til dømes influensavaksine, gitt sidan 2011

Sidan helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år, har ikkje foreldre tilgang til barna sin vaksinasjonsstatus etter deira 16-årsdag. Buypass ID tilbydast frå fylte 13 år frå og med våren 2018.

Dersom du er mellom 16 og 18 år, kan du utan Buypass ID bestille vaksinasjonskort direkte frå Folkehelseinstituttet. 

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta