Angelo Esslinger
Vaksiner er svekka eller døde smittestoff som tilførast kroppen for å gjere den immun mot sjukdom. Ei vaksine gjer at kroppen begynner å danne antistoff mot sjukdomen.
Mange vaksiner gir livslang beskyttelse, medan andre må gjentakast, til dømes vaksine mot influensa.
Hugs at ikkje alle vaksinane du får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, gir beskyttelse livet ut. Påfyll av enkelte vaksiner i vaksen alder anbefalast difor for å oppretthalde beskyttelse mot sjukdomane.
Alle helsestasjonane tilbyr vaksiner i barnevaksinasjonsprogrammet. Tenesta er gratis.
Nokre av helsestasjonane tilbyr også rettleiing og vaksinasjon i samband med utanlandsreiser. Denne tenesta må du betale for.