Kva er dei vanlegaste plagene for mor etter fødsel?
Det er vanlig med nokre fysiske og emosjonelle plager sjølv etter ein normal fødsel. Dei fleste plagene går over av seg sjølv. Vanlege plager er:
Etterrier
Kjennes som smertefulle krampar i livmora, kanskje spesielt under amming. Etterrier er ikkje farleg.
Bløding frå skjeden
Bløding frå skjeden er vanleg etter fødselen som følge av såret inne i livmora. Blødinga kan variere i farge og mengd. Dei første dagane er det ofte som ein kraftig menstruasjon. Seinare blir den brun og til slutt rosa/kvit.
Blødingane kan vare i opptil seks veker etter fødselen.
Illeluktande bløding kombinert med smerter og feber kan vere teikn på infeksjon. Då bør du kontakte lege så snart som mogleg.
Svie ved tissing
Urinblæra har vore under trykk frå livmora gjennom svangerskapet, og dette kan gjere det vanskelegare å tisse. Det kan også svi, spesielt viss ein har små sår og sting, men dette er normalt og vil gå over av seg sjølv.
Ubehag rundt skjede- og endetarmsopning
Det er normalt at hud og vev i underlivet brister under fødsel. Nokon må syast med ein tråd kroppen sjølv absorberer. Det er også normalt å kjenne seg sår og hoven nedantil. Det går raskt over.
Det kan hjelpe å dusje seg med reint vatn etter toalettbesøk.
Forstopping
Mange gruer seg for å gå på do etter fødselen, spesielt dersom fødselen har medført rifter. Drikk mykje, spis fiberrikt, ver i bevegelse og ta deg god tid når du skal på do.
Stemningsleie
Det er vanleg å kjenne seg sliten etter fødselen, og lykka over barnet kan la vente på seg. Hormonforandringar speler også inn. Det er vanleg å bli emosjonell og kjenne at kjenslene svingar. Å gråte meir enn normalt er også vanleg.
Er du urolig, usikker eller har spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen eller din fastlege.