pngimg.com
Helsestasjonen er kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande tilbod til alle barn i aldersgruppa 0-12 månader, og deira foreldre.
Tilbodet er gratis.
Helsesjukepleiar og lege tilbyr regelmessig oppfølging, og kan tilvise barn og familier med spesielle behov til andre helsetenester. Føresette kan også ta kontakt sjølv ved behov ut over faste avtalar. Konsultasjonane vert gjort individuelt eller i gruppe. Helsestasjonen gir mellom anna tilbod om:
- Heimebesøk til nyfødde
- Ammerettleiing
- Hjelp ved barseldepresjon
- Regelmessig helseundersøking av barnet hjå helsesjukepleiar og lege
- Oppfølging av barnet si utvikling (vekst, bevegelse, språk og psykososialt)
- Rettleiing og rådgiving mellom anna om søvn, ernæring, tannhelse, samspel og åtferd hos barnet
- Ulykkesførebygging
- Vaksinasjon av barnet i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet
- Tilvisning til andre kommunale tenester eller spesialister ved behov