Skulehelseteneste 6-20 år

Skulehelseteneste 6-20 år

​Skulehelsetenesta finst på alle barne-, ungdoms- og vidaregåande skular. Skulehelsetenesta er ansvarlig for vaksinasjon av barn og ungdom, og gir i samarbeid med skulen tilbod om undervisning i klasser, samt gruppe og individuelle samtalar.

Tenesta er gratis og helsepersonell har teieplikt.

Skulehelsetenesta er primært bemanna av helsesjukepleiarar. Andre yrkesgrupper i kommunehelsetenesta kan involverast ved behov.

Kva dagar helsesjukepleiar er tilgjengeleg på den enkelte skule vert normalt publisert med oppslag på skulen og/eller på skulen si heimeside, i tillegg til informasjon til føresette og elevar på foreldremøter eller ved hjelp av ranselpost heim. Finn du ikkje denne informasjonen kan du spørje ein lærar, eller ta kontakt med helsestasjonen i din kommune.

Tenesta har så langt som råd ope dør dei dagane helsesjukepleiar er på skulen, og elevar kan kome innom etter behov. Du kan også kontakte helsesjukepleiar for å avtale tid om du ønsker det.

 

Kva tid er dei faste samtalane og undersøkingane i skulehelsetenesta, og kva vert undersøkt?

I skulehelsetenesta er det færre faste undersøkingar enn i helsestasjonsprogrammet, og mykje av tenesta er basert på at den einskilde elev eller føresette sjølv tek kontakt med oss. Dette er dei faste undersøkingane i skulehelsetenesta, som er bestemt av Helsedirektoratet:

Undersøkingar i skulehelsetenesta
Skuletrinn Aktuelle tema Undersøkingar Vaksine Helsepersonell
Før skulestart eller på 1. trinn Informasjon om tilbodet i skulehelsetenesta, inkludert moglegheit for drop-in og vaksiner i skulen. Barnet si fysiske og psykiske helse, mestring, trivsel og relasjonar (inkl. mobbing), vald, overgrep, omsorgssvikt, sjølvtillit og sjølvkjensle, overgang frå barnehage, familieforhold, relasjonar til venar, lærar og foreldre, kosthald og ernæring, søvn og søvnvanar, fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar og stillesitting. Høgde og vekt. Generell undersøking av lege. Nei Helsesjukepleiar og lege
2. trinn Vaksineinformasjon til barn og føresette. Informasjon til elevar om moglegheiter for drop-in hos helsesjukepleiar. Oppfølging individuelt eller i grupper, etter behov. Ja Helsesjukepleiar
3. trinn Informasjon til elevar om moglegheiter for drop-in hos helsesjukepleiar. Oppfølging individuelt eller i grupper, etter behov. Høgde og vekt (lett avkledd) Nei Helsesjukepleiar
6. trinn Vaksineinformasjon til barn og føresette. Informasjon til elevar om moglegheiter for drop-in hos helsesjukepleiar. Oppfølging individuelt eller i grupper, etter behov. Ja Helsesjukepleiar
7. trinn Vaksineinformasjon til barn og føresette. Informasjon til elevar om moglegheiter for drop-in hos helsesjukepleiar. Oppfølging individuelt eller i grupper, etter behov. Ja Helsesjukepleiar
8. trinn Helsesamtale: Mestring, trivsel og relasjonar, inkludert mobbing. Vald, overgrep og omsorgssvikt. Bruk av sosiale media. Utvikling og oppleving av sjølvtillit og sjølvfølelse, forhold til familien, vennskap, søvn og søvnvanar, kosthald og måltidsvaner, tannpuss og tannhelse, fysisk aktivitet og stillesitting, skjermbruk, tobakk, alkohol og rusmiddel, seksuell helse, grenser og kjønnsidentitet. Høgde og vekt (lett avkledd), kroppshaldning Nei Helsesjukepleiar
10. trinn Vaksineinformasjon til barn og føresette. Informasjon til elevar om moglegheiter for drop-in hos helsesjukepleiar. Oppfølging individuelt eller i grupper, etter behov. Ja Helsesjukepleiar
Vidaregåande skule Vaksineinformasjon. Informasjon til elevar om moglegheiter for drop-in hos helsesjukepleiar. Oppfølging individuelt eller i grupper, etter behov. Ja Helsesjukepleiar

Vi samarbeider også med skulen om undervisning og helseopplysning på ulike trinn eller i grupper.

Kva vaksiner får eg på skulen?

Sjå våre sider om barnevaksinasjonsprogrammet for meir informasjon.

Du finn også ei detaljert oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet, samt meir informasjon om den einskilde vaksine, på Folkehelseinstituttet sine sider.

I tillegg er det vanleg å tilby vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse i vidaregåande skule, før russetida startar.

Kva kan eg snakke med helsesjukepleiar om?

Inga sak er for stor eller for liten til å snakke med oss om. Skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod, og har ope dør for alle elevar som treng å snakke med ein vaksen. Vi som jobbar her er van til å prate om det meste, også det som er kleint, vanskeleg og utfordrande. I tillegg har vi teieplikt, altså kan du vere trygg på at din helseinformasjon ikkje vert delt med andre. Aktuelle tema du kan snakke med oss om er til dømes:

  • Fråvær
  • Skulekvardag
  • Lærevanskar
  • Tankar og kjensler
  • Forelsking
  • Kropp
  • Tristheit
  • Krangling
  • Mobbing
  • Vald og overgrep
  • Pubertet
  • Sjølvskading
  • Problem heime
  • Trening
  • «Den perfekte kroppen»
  • Røyk og snus
  • Rus
  • Sex og prevensjon
  • Omskjering
  • Skader på skulen
Kva tid er helsesjukepleiar tilgjengeleg på min skule?

Kva dagar helsesjukepleiar er tilgjengeleg på den enkelte skule vert normalt publisert med oppslag på skulen og/eller på skulen si heimeside, i tillegg til informasjon til føresette og elevar på foreldremøter eller ved hjelp av ranselpost heim.

Helsenorge finn du også informasjon om kven som er din helsekontakt i skulehelsetenesta, såframt du er digitalt aktiv.

Finn du ikkje denne informasjonen kan du spørje ein lærar, eller ta kontakt med helsestasjonen i din kommune:

Får eg fråvær for samtale med helsesjukepleiar på skulen?

Nei. Det vert ikkje ført fråvær for samtalar med helsesjukepleiar i skuletida, verken på ungdomsskulen eller i vidaregåande skule.

I vidaregåande skule har du har plikt til å dokumentere fråværet ditt, så pass på å få med deg melding frå helsesjukepleiar om at du har vore til samtale. Denne leverer du til kontaktlærar. Gjer du ikkje dette vil du fråvær.

Kva får foreldra mine vite av det eg tek opp med helsesjukepleiar?

Helserettsleg myndigheitsalder i Noreg er 16 år. Det betyr at som hovudregel vil foreldra dine eller den som har foreldreansvaret verte informert om din helsetilstand og kva helsehjelp du får, og har rett til innsyn i din journal, når du er yngre enn 16 år. Det er nokre unntak frå denne regelen:

  • Er du mellom 12-16 år vert det av grunnar som bør respekterast, ikkje gitt informasjon til foreldra dine utan at du sjølv ønsker det.
  • Informasjon til foreldra vert ikkje gitt, uansett alder, dersom tungtvegande omsyn til deg som pasient talar mot det.
  • Er du mellom 16-18 år skal berre opplysningar som er naudsynte for å ivareta foreldreansvaret gjevast. Vi skal orientere deg om kva informasjon vi gir til foreldra dine.

Sjå våre sider om teieplikt, personvern og regelverk for meir informasjon.

Er du usikker så ta opp spørsmålet om informasjon til foreldra med helsesjukepleiar i forkant av at du legg fram det du lurar på. Saman finn vi ei god løysing for deg og din situasjon.

Korleis kan eg oppdage og behandle hovudlus?

Hovudlus er eit forhaldvis vanleg problem i barneskulen, og smitter frå person til person ved at lus kryp frå ein person sitt hår til ein annans ved nærkontakt. Barn er meir utsette for smitte enn vaksne. Kløe i hovudbotnen, saman med sår og/eller infeksjonar, er eit vanleg teikn på lus. Nokre gonger kan man også sjå egg eller lus i håret.

Barn bør sjekkast for lus ein gong i månaden. Dette gjerast ved å gre håret med ein lusekam. Ein slik kam får du kjøpt på apoteket. Gre igjennom vått hår og tørk av kammen på eit papir. Lusa er små, så eit forstørrelsesglas kan vere til hjelp. Dei fleste som er smitta har få lus, så gre grundig gjennom heile håret! Vær særleg merksam på områda i nakken og bak øyra, der lusa oftast oppheld seg. Ein kan også finne luseegg i håret. Desse er kleimete, og ofte løsnar heile hårstrået når du grer ut eit luseegg. Dette er ingen sikker indikasjon på at du har lus, og behandling bør ikkje startast før du finn levande lus.

Viss du finn lus i håret må dette behandlast snarast mogleg, og resten av familien og andre som har vore i nærkontakt med den som er smitta må sjekkast for lus. Hugs å varsle barnehagen om at du har oppdaga lus! Vanleg hårvask har ingen effekt. Behandling er lusemiddel, kjemming eller barbering av hovudet. Lusemiddel er som oftast å føretrekke, og fåast kjøpt reseptfritt på apotek. Berre den som har fått påvist lus skal behandlast.

Les meir om behandling av lus hos Folkehelseinstituttet.

Kva kan eg gjere dersom eg slit med tankar og følelsar?

Når ting vert vanskeleg kan det verke som om heile verda er i mot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vere mange ting som er vanskelege å handtere aleine. Det aller viktigaste du kan gjere er å snakke om det med ein vaksen du stoler på. Det kan vere foreldra dine, ein lærar, helsesjukepleiar, trenaren din eller nokon andre du kjenner. Alle har det vanskelig av og til, og ofte er berre det å snakke om det nok. Psykiske problem er svært vanleg, og rundt halvparten av Noreg si befolkning får psykiske problem i løpet av livet.

Når tankar eller kjensler forstyrrar deg så mykje over lang tid at det blir vanskeleg å gjere vanlege oppgåver som skolearbeid, fritidsaktivitetar, eller å vere saman med venner er det særleg viktig at du snakkar med ein vaksen om det. Dette er teikn på psykiske problem som kan trenge behandling. Snakk gjerne med oss i skulehelsetenesta, kom innom helsestasjon for ungdom eller bestill ein time hos din fastlege. Dess tidlegare du ber om hjelp, dess betre er moglegheita for å verte heilt bra igjen.

Synast du det er vanskeleg å snakke med nokon ansikt til ansikt om problema dine kan du nytte eit hjelpetilbod på nett, til dømes ein chatteneste. På Helsenorge.no finn du oversikt over fleire hjelpetilbod på telefon og nett når barn eller ungdom slit psykisk.

Ung.no har ei rekkje gode artiklar om psykisk helse hos barn og ungdom.

 

Kva kan eg gjere dersom eg slit med å få nok søvn?

Problem med søvn er aukande blant barn og ungdom i Noreg. Nok og god søvn er ei føresetnad for å leve og fungere godt i kvardagen. Når du søv reparerer kroppen og hjernen seg sjølv. Det er også ein samanheng mellom nok søvn og korleis ein presterar på skulen og i idrett. Søvnbehov varierar med alder:

  • 6-13 år: 9-11 timar
  • 14-17 år: 8-10 timar
  • 18-25 år: 7-9 timar

Slit du med å sovne eller å få nok søvn er det viktigaste du kan gjere å endre på dine eigne rutiner! Ung.no har gode råd og meir informasjon om søvn og søvnproblem.

Dersom du ikkje klarar å løyse søvnproblema sjølv kan du snakke med helsesjukepleiar på din skule for å få støtte og rettleiing. Det kan også vere lurt å bestille ein time hos fastlege, for å vere sikker på at søvnproblema ikkje skuldast sjukdom.

Kva kan eg gjere dersom eg eller barnet mitt vert utsett for mobbing?

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det betyr at du eller barnet ditt ikkje skal verte utsett for mobbing eller plaging, verken frå andre elevar eller lærarar. Viss du eller barnet ditt ikkje har det bra, har du rett på hjelp frå dei vaksne på skulen.

Mobbing er ulovleg, og skulen har plikt til å sette i verk tiltak dersom ein vert utsett for mobbing.

Er du utsett for mobbing er det viktigaste du gjer å snakke med ein vaksen som du stolar på. Det kan vere foreldra dine, eit anna familiemedlem, ein lærar, rektor eller helsesjukepleiar. Dei vaksne skal hjelpe deg med å hindre mobbing og ta opp saka med skulen.

Du finn meir informasjon om mobbing og kva du kan gjere på Nullmobbing.no

Kvar får eg hjelp dersom eg er utsett for vald eller overgrep?

Alle former for vald og overgrep er ulovlege. Vert du eller nokon du kjenner utsett for vald eller overgrep bør du oppsøke hjelp.

Vald og overgrep kan vere fysiske handlingar som å slå eller sparke, eller psykisk vald som truslar, degradering, kontrollering og audmjuking. Det kan også vere seksuelle overgrep, som voldtekt, incest eller uønskt beføling. Andre former for vald og overgrep er handlingar som skremmer eller sårar, som øydelegging av gjenstandar av verdi, økonomisk utnytting av andre menneske eller å hindre dei i å rå over eigen økonomi.

Ved akutt fare for vald eller overgrep, ring politiet sitt nødnummer 112.

Opplever du vald eller overgrep kan du snakke med oss i skulehelsetenesta eller ein annan vaksen du stolar på, eller ringe Alarmtelefonen for barn og unge på telefon 116 111. Tenesta er gratis og du kan ringe heile døgnet, alle dagar i året. Telefonen vert svart av vaksne som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.

Dinutvei.no er ein nasjonal vegvisar til hjelpetilbod, informasjon og kunnskap om vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Her finner du også ein spørsmål-svarteneste der du som stiller spørsmål er anonym.

 

Overgrepsmottaket

Har du blitt utsett for vald i nære relasjonar, valdtekt eller valdtektsforsøk får du medisinsk hjelp og rådgjevnad på Overgrepsmottaket i Ålesund. Her treff du legar og sjukepleiarar som er spesielt opplærd til å jobbe med overgrepssaker. Tilbodet er gratis, og du får hjelp uansett om du ønskjer å politimelde overgrepet eller ikkje. Overgrepsmottaket er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og 15 kommunar på Sunnmøre, inkludert alle kommunane på Søre Sunnmøre.

Overgrepsmottaket er døgnope og held til på Ålesund lokalmedisinske senter, inngang nord. Adressa er: Åsesvingen 16, 6017 Ålesund. Du treng ikkje bestille time eller få tilvising frå fastlege eller legevakt på førehand. Ønskjer du å snakke med nokon før du kjem kan du ringe legevakta på telefon 116 117.

 

Kva skjer i puberteten, og når startar det?

Puberteten inntreff på forskjellig tid og på forskjellige måtar frå person til person. Det skjer vanlegvis litt tidlegare hos jenter enn hos guter, normalt eit sted mellom 9 og 15 år.

Du finn meir informasjon om kva som skjer i puberteten hos Ung.no

NRK Newton har laga ein filmserie om puberteten i 8 delar. Kvar film er på ca. 5 minutt, og du kan sjå heile serien her.

Kva kan eg gjere med kviser og urein hud?

Neste alle får kviser på eit eller anna tidspunkt, men det er mest vanleg og plagsamt i ungdomsåra – ofte knytt til puberteten. Nokon vert sterkt plaga av kviser, mens andre berre får nokre få som forsvinn raskt.

Kviser og urein hud skuldast ikkje dårleg hygiene, tvert i mot er det slik at å vaske huda for mykje eller bruke sterke såper kan gi hudirritasjon som forverrar problemet. Ei rekke faktorar påverkar problem med kviser. Både hormon, bakteriar, visse medikament, arv, stress og kosthald kan spele ei rolle.

Fyste trinn i å behandle kviser er å forsøke eit reseptfritt middel med virkestoff som inneheld retinoider (vitamin A) og/eller benzoylperoksid. Snakk med dei tilsette på eit apotek, så hjelper dei deg med å finne eit slikt middel. Ver tålmodig og gjennomfør behandlinga som anvist på pakningsvedlegget. Det tek ofte 6-8 veker før ein kan sjå noko resultat. Ei slik behandling tørkar ut huda, så det er lurt å nytte ein fuktigheitgjevande hudkrem som ikkje er feit i tillegg. Dei tilsette på apoteket kan hjelpe deg også med dette.

Dersom behandlinga ikkje hjelp etter 6-8 veker finnast det sterkare medisinar på resept. Desse kan du du få av lege på helsestasjon for ungdom eller din fastlege, og finnast både som krem, gel eller tablettar. Legen vil undersøke deg og gi deg den behandlinga som er best tilpassa dine problem, eller tilvise deg til hudlege dersom det er naudsynt.

Du finn meir informasjon om kviser og behandling på Helsenorge.no.

Kvar får eg tak i prevensjon og kostar det noko?

Har du behov for p-piller, p-plaster, p-ring, p-stav eller spiral, og er mellom 16 og 22 år, får du økonomisk støtte for å dekke heile eller delar av kostnadene.

For dei mellom 16-19 år er nokon av desse legemidla gratis. Er du mellom 20-22 år er det ein mindre eigenandel å betale. Helfo har meir informasjon om stønad til prevensjon for unge kvinner.

Resept på prevensjon kan du få hos helsesjukepleiar, lege eller jordmor. Snakk med helsesjukepleiar på din ungdomsskule, vidaregåande skule eller kom innom helsestasjon for ungdom, så finn vi ut kva type prevensjon som er best eigna for deg og din situasjon. Du kan også bestille time hos din fastlege for å få resept på prevensjon.

Kondom, som er det einaste prevensjonsmiddlet som gir beskyttelse mot både graviditet og seksuelt overførbare sjukdomar, får du gratis på helsestasjon for ungdom eller hos helsesjukepleiar på vidaregåande skule. Du kan også bestille gratis kondomar på nett.

Informasjon om dei ulike typane prevensjon finn du hos Sex og samfunn.

Kvar kan eg teste meg for graviditet eller seksuellt overførbare sjukdomar?

Graviditetstest

Ein graviditetstest får du gratis med helsesjukepleiar i vidaregåande skule eller helsestasjon for ungdom. Testen vert gjort ved hjelp av ei urinprøve, og gir svar etter nokre minutt. Dersom du har hatt ubeskytta sex og menstruasjonen er ei veke eller meir forsinka, eller du kjenner deg kvalm og/eller har ømme bryst bør du ta ein graviditetstest.

Du kan også kjøpe graviditetstest for heimebruk på apotek eller større daglegvarebutikkar. Merk at ein graviditetstest er mest påliteleg dersom den vert gjennomført ei veke eller meir over tida for menstruasjon, sjølv om pakninga påstår at den er nøyaktig frå dag 1.

Ein korrekt utførd graviditetstest har ei sikkerheit på 99% eller meir.

 

Seksuelt overførbare sjukdomar

Alle som har hatt ubeskytta sex med ein partner som ein ikkje kjenner smittestatusen til bør teste seg for seksuelt overførbare sjukdomar (SOI). Ein slik test får du gratis med helsesjukepleiar i vidaregåande skule eller på helsestasjon for ungdom.

SOI har det til felles at dei kan smitte ved vaginal-, anal- eller oralsex utan bruk av kondom, og at dei ikkje alltid gir symptom som gjer at man oppdagar smitta. Ein kan altså føre smitte vidare til andre utan å vite at ein sjølv er smitta. Difor er det viktig å teste seg kvar gong du har hatt ubeskytta samleie med ny partner.

Det kan ta opptil 14 dagar frå du vart smitta med til dømes klamydia til det viser resultat på ein test, vi anbefalar difor at du ventar 14 dagar etter det ubeskytta samleie før du testar deg.

Vi kan teste deg for dei vanlegaste SOI. Testen vert gjennomført ved hjelp av ein urinprøve for gutar og vaginal testpinne for jenter. Det tek nokre dagar før du får svar. Vi gir deg svar via sms eller ved å ringe til deg.

Er testen positiv vert du behandla med antibiotika, som også er gratis. Då skal også alle seksualpartnarar dei siste 6 månadane kontaktast for tilbod om testing. Dette kan gjerast anonymt av helsesjukepleiar.

Meir informasjon om dei ulike SOI finn du på Helsenorge.no eller Sex og samfunn.

Korleis behandlar eg idrettsskader, og kvar kan eg få hjelp?

Fysisk aktivitet og organisert idrett er i utgangspunktet sunt, både fysisk, psykisk og sosialt. Men risikofritt er det ikkje, og ulike skader av forskjellig alvorsgrad vil oppstå frå tid til anna.

Det beste ein kan gjere er sjølvsagt å førebygge skader. Meir informasjon om dette, og korleis du behandlar vanlege skader innan ei rekke idrettar, finn du på Skadefri.no.

PRICE-prinsippet er sentralt i all akutt behandling av skader. Det engelske akronymet står for «protection, rest, ice, compression & elevation». Skadestaden skal med andre ord straks etter skaden:

  • Beskyttast, ved at du avsluttar aktiviteten og ikkje belastar skadestaden. Bruk hjelpemiddel som krykker, slynge eller anna støtte dersom det er tilgjengeleg.
  • Kvile, ved at du i tida etter skaden ikkje belastar skadestaden meir enn naudsynt og innafor smertegrensa.
  • Isast ned, enten ved hjelp av ein ispose eller isspray. Kulde lindrar smerte og gjer at skadestaden ikkje hovnar opp så mykje.
  • Komprimerast, ved å legge på ein elastisk støttebandasje eller liknande. Dette bidreg til å halde ledd og muskalar i ro, og førebygger hevelse.
  • Hevast, ved å halde skadestaden over hjartehøgde. Dette bidreg til mindre hevelse og mindre smerte.

Du finn meir informasjon om førstehjelp ved akutte skadar på Skadefri.no. Vel din idrett og klikk på «Førstehjelp» litt ned på sida. Dersom skaden ikkje vert betre innan ei veke bør du kontakte fastlege. 

Oppsøk legevakt snarast mogleg dersom ein mistenker beinbrot, avriven leddband, at noko er ute av ledd, hjerneskaking eller annan hovudskade. Ring 113 dersom den skadde er bevisstlaus eller har store smerter og ikkje kan flyttast på.

Har du vorte skada gjennom organisert idrett kan du ringe Idrettens Skadetelefon på telefon 987 02 033. Formålet med tenesta er å ivareta idrettsutøvarar på alle nivå gjennom behandlingsløpet. Her treff ein fagfolk med spesialkompetanse på idrettsmedisin, som følger deg opp og hjelper deg til rask og riktig hjelp frå ein godkjend behandlar. Skadetelefonen er ope alle dagar kl. 9-21, og du kan også melde skade på nett.

Kor mykje skjermtid bør barn eller ungdom ha, og kva bør foreldra følge med på?

Dette er eit spørsmål som det ikkje finst noko godt fasitsvar på, og forskinga sprikar. Foreldre må vere klar over at barn og ungdom i dag lever ein del av sitt sosiale liv på nett, via mobiltelefon, PC eller spelkonsoll. Her finn dei informasjon, utviklar ferdigheiter og kommuniserer med nye og gamle venar.

Samtidig er det viktig at skjermbruk og dataspel ikkje går ut over søvn, fysisk aktivitet, skulearbeid eller mellommenneskelig kontakt. For mykje skjermbruk kan også bidra til nærsyntheit. Som forelder er det din oppgåve å sette grenser, og hjelpe ditt barn til å finne ein god balanse mellom skjermbruk og andre aktivitetar. Her er nokre gode råd:

  • Snakk med andre foreldre i ditt barn sin omgangskrets og vert einige om rammer for skjermbruk.
  • Sørg for at skjermbruk vert avslutta minst ein time før leggetid. Både inntrykk og lyset frå skjermen kan forstyrre nattesøvnen.
  • Involver deg i barna sin skjermbruk. Spel eller sjå TV saman med dei og snakk om inntrykka, og følg med i sosiale media som dei nyttar.
  • Respekter aldersgrenser på spel, filmar og for sosiale media, og ha kontroll på kva spel og apper ditt barn har installert på sin PC, spelkonsoll og mobiltelefon.

Barn og ungdom må gjerne ta opp skjermbruk med oss i skulehelsetenesta. Du finn meir informasjon om skjermbruk hos barn og ungdom på desse sidene:

Kva aldersgrense har dei ulike sosiale media, og er det så nøye?

Dei fleste sosiale media har ei aldersgrense på 13 år, men å handheve denne er ikkje så lett for dei som tilbyr desse tenestene. Dei har avgrensa moglegheiter for å verifisere alderen på sine brukarar, og det er først og fremst foreldra som må sette grenser.

Aldersgrensene er sette på bakgrunn av det innhaldet du kan verte eksponert for og for å beskytte barn sin personinformasjon. Det betyr at det ikkje er ulovleg å opprette ein profil på sosiale media før du er 13 år, men at du må ha foreldra sitt samtykke.

Det er viktig at barnet er modent nok til å utvise godt nettvett før sosiale media vert tatt i bruk, og at du som forelder har ein viss grad av kontroll på kva som skjer og kven ditt barn deler bilete, video eller informasjon med. I alle sosiale media skjer det mobbing, deling av bilete/video eller informasjon som ikkje bør delast, kriminell aktivitet og misbruk av barn og ungdom. Snakk med andre foreldre i vennegjengen og klassa, og prøv å verte einige om nokre kjørereglar.

Du finn meir informasjon på desse sidene:

Kva råd har de til foreldre kring ungdom og alkohol?

Den viktigaste jobben for å få ungdom til å drikke mindre alkohol gjerast heime. Som forelder har du ein heilt sentral rolle, og kan vere med på å utsette debutalderen og avgrense bruken av alkohol hos dine barn. Helsedirektoratet har fem gode råd om alkohol til deg som har tenåring i huset:

  1. Ikkje gi alkohol til ungdom under 18 år
  2. Snakk med andre foreldre om felles mål og grenser
  3. Tenk igjennom eigne alkoholvanar
  4. Vis at du bryr deg
  5. Sett tydelege grenser

Du kan lese meir om desse råda på Helsenorge.no. Enda fleire råd og praktiske tips finn du på Kjipeforeldre.no

Dersom du som ungdom slit med drikkepress, alkohol eller rusmisbruk må du gjerne snakke med helsesjukepleiar på din skule, eller kome innom helsestasjon for ungdom. Vi kan hjelpe deg, både som samtalepartnar og ved å tilvise deg den hjelpa du ev. treng.

Korleis får eg sletta noko om meg som ligg ute på nett eller i sosiale media?

Dei ulike tilbydarane av tenester på internett har ulike reglar og metodar for korleis ein får sletta innhald eller profilar. I nokre tilfelle kan du enkelt gjere jobben sjølv, i andre tilfelle treng du hjelp eller dokumentasjon.

Slettmeg.no er ein gratis råd- og rettleiingsteneste for deg som kjenner deg krenka på nett. Her finn du rettleiingar i korleis du kan få løyst ulike problem, og du kan også kontakte dei på telefon eller e-post for å få hjelp i di sak.

Dersom nokon har publisert eller delt bilete, filmar eller anna om deg utan lov, og dette ikkje let seg fjerne, bør du melde saka til Politiet. Ta kontakt med nærmaste politistasjon eller lensmannskontor for meir informasjon om korleis du gjer dette, eller ring Politiet på tlf. 02800.

Fleire råd og meir informasjon finn du på Politiet si side om trygg nettbruk.

Kva kompetanse har dei tilsette i skulehelsetenesta?

Sjå våre sider om kompetanse og samarbeidspartnarar for meir informasjon om dei ulike yrkesgruppene du treff i helsestasjon- og skulehelsetenesta, samt kven vi samarbeider med og korleis.

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta