Om samarbeidet

Om samarbeidet

Helsestasjonane på søre Sunnmøre har i lengre tid hatt eit samarbeid gjennom Sjustjerna, som omfattar kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Gjennom prosjektet "Digitalisering av helsestasjon- og skulehelsetenesta" vart dette løfta til eit nytt nivå frå hausten 2018.

Eit meir likeverdig tilbod i alle kommunane

Dei sju kommunane har i løpet av 2019 utvikla felles fagprosedyrar for alle basistenestane som tilbydast. Desse er i tråd med ny Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og forebyggende arbeidet i helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom.

Felles prosedyrar sikrar innbyggarane på søre Sunnmøre eit fagleg forsvarleg og meir likeverdig tilbod i helsestasjon- og skulehelsetenesta, uavhengig av kva kommune ein bur i.

 

Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre

Nettsidene du no er inne på er utvikla i samarbeid mellom deltakarkommunane i Søre Sunnmøre IKT for å vere ein informasjonskanal ut mot innbyggarane. Her skal du finne naudsynt informasjon om alle tenestane vi gir, samt svar på vanlege spørsmål, aktuelle brosjyrar og lenker til anna kvalitetssikra informasjon. Informasjonen er tilgjengelig på både norsk og engelsk, og brosjyrar er også publisert på dei mest nytta framandspråka i våre kommunar. Som eit supplement til vår eigen helsestasjonsportalen har vi også innleia eit samarbeid med Nors Care AS (tidl. Helseoversikt), som tilbyr ein app (iOS/Android) for gravide og småbarnsforeldre.

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta