Informasjon om koronaviruset

Informasjon om koronaviruset

Folkehelseinstituttet

Her finn du løpande oppdatert informasjon om korleis tiltak i samband med koronaviruset påverker drifta ved våre helsestasjonar, og kva konsekvensar dette får for deg som brukar av våre tenester. Du vil også finne lenker til kvalitetssikra informasjon om viruset, og korleis ein kan hindre smitte.

Foreldre og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen

Både foreldre og barn skal vere friske når dei møter på helsestasjonen. Har du eller barnet symptom på sjukdom ber vi deg snarast mogleg ta kontakt med oss for å avlyse timen.

Dette gjeld også for dei som er vaksinerte eller tidlegare har gjennomgått covid-19 sjukdom.


Smittevernråd til befolkninga

Frå 15.02.2022 er alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19 fjerna. Dette inkluderar krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom. Dei generelle smittevernråda om å halde seg heime når ein er sjuk og ha god hoste- og handhygiene gjeld framleis. Ha også låg terskel for å teste deg for koronavirus dersom du opplever luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19.

Fleire detaljar om dei generelle råda finn du hjå Folkehelseinstituttet.

 

Tiltak ved helsestasjonane

Alle våre helsestasjonar er tilbake i ordinær drift, og alle tenester går som normalt. Det praktiserast normale rutinar kring smittevern og hygiene. Vi ber om at de utfører handdesinfeksjon når de kjem til oss, og føre de går. Utstyr er tilgjengeleg ved inngangen.

Kommunane kan ut i frå smittesituasjonen lokalt sette i verk tiltak ut over dette. Dersom slike tiltak er sett i verk på din helsestasjon vil du finne dei lista opp her:

Her finn du informasjon om koronaviruset og vaksinasjon

For lokal informasjon om koronaviruset, vaksinasjon og status der du bur, sjå heimesida til din kommune:
Hareid  -  Herøy  -  Sande  -  Ulstein  -  Volda  -  Ørsta

Dersom du har generelle spørsmål om viruset kan du ringe den nasjonale informasjonstelefonen på 815 55 015. Du finn også kvalitetssikra informasjon om viruset på nettsidene til Folkehelseinstituttet og på Helsenorge.no.

Fakta om koronaviruset

Koronavaksine

Råd og anbefalingar om korona

Råd om korona til gravide og ammende

 

Kontakt helsestasjon- og skulehelsetenesta i din kommune:

Hareid kommune Herøy kommune Sande kommune Ulstein kommune Volda kommune Ørsta kommune
     Hareid          Herøy            Sande          Ulstein            Volda            Ørsta