Kva er PMTO og kva passar det til?
PMTO står for "Parent Management Training Oregon", og rettar seg hovudsakeleg mot foreldre som har barn i alderen 3-12 år med utfordrande åtferd.
- PMTO har fokus på samspelsmønster som fremjar samarbeid og positiv utvikling mellom foreldre og barn
- PMTO har fokus på å bygge gode relasjonar mellom barn og foreldre.
- Tema vi jobbar med er positiv involvering, samarbeidsfremjande kommunikasjon, ros og oppmuntring, grensesetjing, problemløysing og tilsyn.
Når du som forelder strevar med barnet ditt, og samspelet er prega av mas, aggresjon, konflikter og at barnet ikkje høyrer etter. Daglege situasjonar som påkledning, tannpuss, måltid, å stå opp, legging og lekser kan vere eksempel på situasjonar der det oppstår problem der det dannar seg eit mønster som kan opplevast som vanskeleg. Før problema blir fastlåste er det viktig å tilby hjelp på eit så tidleg tidspunkt som mogleg og ein PMTO-terapeut kan vere til god hjelp.
- PMTO rådgjeving:
Dette er eit tilbod der foreldre og rådgjevar har 4-7 møter á 1 time per veke. PMTO-rådgjevning gjennomførast lokalt i Herøy.
- PMTO terapi:
Dette er eit tilbod der terapeuten samarbeider med foreldre om å skape ein forutsigbar kvardag for barn. Foreldre blir trent i å meistre kvardagskonflikter og til å skape positive samhandlingsmønstre. Foreldre og terapeut har 20-30 møter á 1 time per veke. PMTO-terapi gjennomførast i Ulsteinvik, etter tilvising frå Herøy helsestasjon.
Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge har meir informasjon om PMTO.