Helsestasjon- og skulehelseteneste
Hareid helsestasjon held til i Helsehuset (Kjøpmannsgata 16). Vi gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-23 år og deira føresette, samt gravide.
I tillegg til basistenestane tilbyr Hareid kommune foreldrerettleiing, både lokalt og i samarbeid med Ulstein kommune. Vi er også sertifisert som ammekyndig helsestasjon, og du kan leige brystpumpe med oss.
Helsestasjonen tilbyr også gratis foreldrekurs, basert på "Tryggleikssirkelen".
Timebestilling:
Du kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.
Du kan også laste ned Helsenorge appen til din mobiltelefon (iOS eller Android). Med appen kan du logge deg på enkelt med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. Du treng då ikkje nytte ID-porten kvar gang du skal inn på tenesta.
Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her. Her finn du meir informasjon om tenesta.
Informasjon om kva tid vi er tilgjengeleg på den enkelte skule og kven som er helsesjukepleiar finn du på skulane sine heimesider.
Opne kart
Opningstider:
Måndag - fredag kl. 9-15
Telefon:
Helsestasjon: 70 03 77 50
Helsestasjon for ungdom: 954 67 841
Måndagar kl. 14:30-16:30
Lege er tilstades frå kl. 14:30-15:30.
Vi held stengt i skuleferiar. Ved behov i sommarferien, ta kontakt med helsestasjonen på telefon for å avtale ein gratis time.
Postadresse:
Hareid helsestasjon, Kjøpmannsgata 16, 6060 Hareid.
Følg oss i sosiale media:
Hareid helsestasjon
@hareidunghelse
Kva kan vi hjelpe deg med?