Helsestasjon- og skulehelseteneste
Ørsta helsestasjon har lokale i Dalevegen 24, ved sidan av Ørsta helsesenter. Vi gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-23 år og deira føresette, samt gravide.
Vi har eit nært samarbeid med Friskliv Ørsta, der vi mellom anna tilbyr ulike matkurs for barn, ungdom og familiar. Vi er også sertifisert som ammekyndig helsestasjon, deltek i tverrfagleg ressursteam for barnehage og skule og tilbyr fødsels- og foreldreførebuande kurs.
Helsestasjonen tilbyr også gratis foreldrekurs, basert på "Tryggleikssirkelen".
Last ned samtykkeskjema for føresette: Samtykkeskjema Ørsta helsestasjon (PDF, 493 kB)
Timebestilling:
Du kan kontakte helsestasjonen via Helsenorge. Ta kontakt når det passar for deg, og unngå telefonkø. Når du sender ei melding til oss via Helsenorge svarar vi normalt i løpet av ein arbeidsdag.
Du kan også laste ned Helsenorge appen til din mobiltelefon (iOS eller Android). Med appen kan du logge deg på enkelt med fingeravtrykk, ansiktsgjenkjenning eller personleg kode. Du treng då ikkje nytte ID-porten kvar gang du skal inn på tenesta.
Tenesta er sikker og gjer at du også kan sende oss sensitive opplysningar. Meldingar du sender til oss kjem rett inn i helsestasjonen sin elektroniske pasientjournal, og vert behandla her. Her finn du meir informasjon om tenesta.
Informasjon om kva tid vi er tilgjengeleg på den enkelte skule vert publisert med oppslag på skulane og ev. ranselpost til elevane. Vi deltek også i skulen sitt innsatsteam mot mobbing (SIM-team), både på den enkelte skule og ambulerande.
Opne kart
Opningstider:
Måndag - fredag kl. 9-15. Før og etter kun ved avtale.
Telefon:
941 67 848
Helsestasjon for ungdom i Ørsta held til i same lokala som Ørsta Helsestasjon i Dalevegen 24, 6150 Ørsta. Det er eit tilbod for ungdom i alderen 13-23 år.
Ope onsdagar kl 14.30 – 16.30
Postadresse:
Ørsta helsestasjon, Dalevegen 24, 6153 Ørsta.
Følg oss i sosiale media:
Helsestasjonen i Ørsta
Helsestasjon for ungdom og studentar
@orstaunghelse
Kva kan vi hjelpe deg med?